Topp fem i USA

Åge Solheim køyrde inn til topp 5 plassering under eit universitetsrenn i Park City i USA måndag.

USA: Åge Solheim køyrde inn til femteplass i slalåm måndag.   Foto: Stig Stenberg

Sport

Dei siste dagane har Åge Solheim køyrt universitetsrenn i Park City i USA. Laurdag køyrde han inn til 11.-plass i storslalåm, medan det vart 28.-plass i slalåm søndag.

Måndag var det klart for nytt slalåmrenn. I første omgang køyrde alpinisten frå Haugen IL i mål på tida 57.07, som var fjerde beste tid i omgangen. I andre omgang køyrde Åge i mål på 59.43 og med ei totaltid på 1:56.50 vart han nummer fem, 1.47 bak Joachim Bakken Lien frå Norge som køyrde inn til siger.

Åge var med det andre beste norske alpinist under slalåmen måndag. Mikkel Solbakken frå Norge tok sjetteplassen. Med andre ord var det tre norske blant dei seks beste.