Slik gjekk det på Hornindalsrennet

Søndag gjekk Hornindalsrennet av stabelen med 20 deltakarar på start.

RENN: Hornindalsrennet gjekk av stabelen søndag, og Johan Eirik Meland (Markane IL) gjekk inn til bestetid og siger.   Foto: Privat/presse

Sport

Søndag var det klart for Hornindalsrennet som har røter heilt tilbake til 70-talet. Løypa har endra seg litt i løpet av desse åra og dei første åra gjekk opphavsmann Oliver Fagerheim og medhjelparane opp løypa for eiga maskin. Sjølve traseen har også endra seg, men dei siste åra har start vore ved Hornindal skisenter i Grendadalen. Dei siste utgåvene av rennet har ein hatt ein trase som har følgt dalen til Honndøla bru, oppom Honndalssætra og fram igjen til mål. Dette er ei småkupert løype, utan dei brattaste stigningane.

I år var det 20 deltakarar, der 16 var menn og fire var kvinner, på start når det 20 kilometer lange rennet gjekk av stabelen. I tillegg vart det arrangert turrenn utan tidtaking. Der var det heile 27 deltakarar som stilte på start.

Jamt i teten

Bestetid under Hornindalsrennet var det Johan Eirik Meland (Markane IL), som stilte i klasse menn 26–30 år, som hadde. Han kom i mål på tida 01:04:07. Even Nesgård (Fjellhug/Vereide kom i mål like bak på tida 01:04:22.

Beste kvinne vart Sara F. Hauge i klasse kvinner 46–50 (Volda Turn og IL) som kom i mål på 01:38:46.

Dei lokale

I år var det flest deltakarar frå Volda Turn og IL der heile sju kvinner og menn deltok blant dei 20 som stod på start. Volda Turn og IL vann også beste 3-mannslag og beste 3-kvinnelag under Hornindalsrennet i år.

Det var eit par lokale deltakarar som stilte på start. I herreklassa kom Odd Harald Heggen (Heggjabygda) i mål på tida 01:24:16 og kom på fjerdeplass i klassa menn 51–55. Anne Raftevold (Hornindal IL) stilte i klassa kvinner 71–75 og vann si klasse med tida 01:50:00. Ho var den einaste i denne klassa.

Era Samuline Borgund (Eid IL) stilte i klassa jente 13–16 år og gjekk 10 kilometer. Ho kom i mål på tida 00:43:40 og tok førsteplassen. Det var ingen fleire i denne klassa. Ho var einaste frå Eid IL som deltok under årets utgåve av Hornindalsrennet.