Deltok på Hovudlandsrennet

Tre frå Eid deltok under Hovudlandsrennet.

DELTOK: Tørres Bjelland Nøstdal, Lukas M. Endal Andersson og Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid IL stilte på start då Hovudlandsrennet vart arrangert på Nybygda og Lierberget.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Fredag og laurdag gjekk hovudlandsrenn nordisk av stabelen på Nybygda og Lierberget ved Brumunddal/Hamar. Det har vore mange frå Sogn og Fjordane med, men frå Eid IL stilte Tørres Bjelland Nøstdal, Lukas Magnus Endal Andersson og Ingebrigt Nes Hjelle.

Fredag var det klart for 5 kilometer og 7,5 kilometer i klassisk. Tørres Bjelland Nøstdal (Eid IL) kom i mål på tida 14:36 etter 5 kilometer klassisk og 88.-plass i klasse gutar 15 år. Lukas Magnus Endal Andersson (Eid IL) kom i mål på tida 16:35 og 213.-plass i same klasse. Det var Simen Gløgård Stensrud frå Nittedal IL som vann klassa med tida 12:46. Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) kom på 126.-plass då han kom i mål på 22:23 etter 7,5 kilometer klassisk i klasse gutar 16 år. Daniel Aakervik frå Fet SK vann klassa med tida 19:14.

Laurdag var det klart for sprint for langrennsløparane under hovudlandsrennet. I prologen i klasse gutar 15 år kom Tørres Bjelland Nøstdal (Eid IL) i mål på 02:40.1 og 128.-plass. Lukas Magnus Endal Andersson (Eid IL) kom i mål på 02:54.9 og 215.-plass. Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) vart nummer 82 i klasse gutar 16 år då han kom i mål på 02:13.5, noko som var rundt 13 sekund bak Sivert Borgen (Østre Toten Skilag) som hadde bestetid i prologen då han kom i mål på 02:00.1.

Ingen frå Eid IL gjekk vidare til kvartfinalen.