Tatt ut til junior-VM på heimebane

Andrine Englund Mårstøl er tatt ut til å representere Norge under junior-VM som går av stabelen 5.-14. mars.

TIL JUNIOR-VM: Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL skal representere Norge under junior-VM i mars.   Foto: PRIVAT

Sport

Junior-VM vert i år arrangert i Narvik 5.–14. mars. Laurdag vart det offisielt klart kven av alpinistane som skal representere Norge under meisterskapen. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) er blant dei som er tatt ut i alpintroppen.

Ifølgje Skiforbundet er det Stefan Havnelid, Andreas Kollenborg, Erik Skaslien og Claus Ryste som har gjort uttaket, som er godkjent av alpinkomiteen i Norges Skiforbund.

Eit av måla

I eit intervju med Fjordabladet før sesongen starta kunne ho fortelje at junior-VM på heimebane var eitt av hovudmåla ho hadde for årets sesong.

– Det er tøft at det er i Narvik og Norge. Det er ein utruleg flott bakke. Det er ikkje offisielt tatt ut nokre lister enno, men det skal vere innanfor rekkevidd, sa Andrine i november.

Den norske alpintroppen

I tillegg til Andrine, skal Kaja Norbye (IL Heming), Marte Monsen (Aron Skiklub), Hannah Sæthereng (Harestua IL), Mariel Kufaas (Tromsø Slalåmklubb), Blanca Westhoff Bakke (IL Heming) og Inni Holm Wembstad (Asker Skiklubb) representere Norge i kvinneklassa.

Herrane som er tatt ut i den norske troppen er Atle Lie McGrath, (Bærums Skiklub), Kaspar Kindem (Ready), Markus Nordgård Fossland (IL Stjørdals Blink), Alexander Steen Olsen (Kjelsås IL), Halvor Hilde Gunleiksrud (Bærums Skiklub), Wilhelm Normannseth (IL Heming), Oskar Zimmer (Ingjerkollen) og Jonas Buer (Hakadal IL).