Andrine topp 15 i Italia

God plassering i europacupen

Fredag køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til topp 15.-plassering i europacupen.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl køyrde fredag kombinasjonrenn i europacupen og det vart topp 15.-plassering på alpinisten frå Haugen IL etter ein god norsk dag.   Foto: PRIVAT

Sport

Europacupen er på plass i Sarntal i Italia, og dei siste dagane har det vore Super-G som har stått på plakaten. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde inn til 23.-plass og 38.-plass onsdag og torsdag. Fredag var det kombinasjonsrenn som stod på plakaten i europacupen.

I første omgang kom Andrine i mål på tida 1:16.14, noko som var den 20. beste tida. Nadine Fest frå Austerrike hadde beste tid med 1:14.18. Beste norske i første omgang var Kristina Riis-Johannessen, som køyrde i mål på tida 1:14.75 og tredje beste tid.

I andre omgang køyrde Andrine i mål på tida 35.18. Den totale tida til Andrine etter to omgangar vart 1:51.32. Med det vart det ein god 13.-plass på Andrine under kombinasjonsrennet fredag.

Norske Kristina Riis-Johannessen, køyrde seg opp til ein førsteplass då ho kom i mål på tida 34.53 i andre omgang. Det var ein god norsk dag og Andrine vart til slutt tredje beste norske alpinist under fredagens renn. Maria Therese Tviberg vart nummer 9, med ei total tid på 1:50.58.

Andre norske alpinistar var Marte Berg Edseth på 15.-plass og Inni Holm Wembstad på 50.-plass. Tuva Norbye køyrde ut i andre omgang, medan Hannah Sæthereng køyrde ut i første omgang.