Gjekk inn til 5.-plass i Norges cupen

Under sprinten laurdag vart det to topp 10 plasseringar på dei lokale skiskyttarane, før helga vart avslutta med mix stafett søndag.

I TOPPEN: Magnus Skeide Bakke gjekk inn til fjerdeplass fredag under NM. Laurdag vart det femteplass under sprinten.  Foto: Nordfjordteam

Sport

Denne helga har det vore junior-NM og Norges Cup i skiskyting på Dombås. Fredag var det første renn, og NM normal stod på plakaten. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) gjekk inn til gull i klassa menn 20–23 år.


NM-gull og fjerdeplass til lokale skiskyttarar

Det vart gull til Johan-Olav Smørdal Botn i klasse menn 20 - 22 år under NM fredag. Magnus Skeide Bakke kom like utanfor pallen i klasse menn 17 år.


Laurdag var det klart for Sprint under Lerøy Cup senior/junior og ungdom. Johan-Olav gjorde det nok ein gong bra og gjekk i mål på ein 8.-plass i klasse menn 20–23 år. Johan-Olav hadde to bom på siste skyting og var til slutt 1:26.7 bak vinnaren Vetle Rype Paulsen frå Lier IL.

– Det var eit heilt greitt løp, men eg hadde ikkje ski til å hevde meg heilt i toppen. Ein vinn ikkje med nest best utstyr. Det var litt synd for eg trur eg kunne klatra nokre plassar om eg hadde hatt betre ski og betre gli. Eit dåleg resultat er det ikkje, fortel Johan-Olav til Fjordabladet.

Femteplass

I klasse menn 17 år gjorde Magnus Skeide Bakke (Eid IL – skiskyting/NTG-G) det godt då han gjekk inn til ein femteplass berre 19,8 sekund bak vinnaren Sigurd Øygard (Skrautvål IL/Team Valdres Ski). Magnus hadde ein bom meir enn vinnaren. Med dette tar han med seg fjerde- og femteplass frå helga på Dombås.

I klasse menn 18 år vart Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) nummer 12, 1:19.7 bak førsteplassen. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) vart nummer 39, medan Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) vart nummer 57.

I klasse kvinner 18 år gjekk Ingrid Heggen og Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) i mål som nummer 23 og 27.

Konkurrerte saman

Søndag vart junior-NM og Lerøy Cup for senior/junior/ ungdom avslutta med mix stafett. Sogn og Fjordane stilte med fleire lag i dei ulike klassene. I klasse 17–19 år vart det 14.-plass på Sogn og Fjordane SSK 2 med Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL/Stryn vgs.), Magnus Midthjell Gjørven (Markane IL/Stryn vgs.) og Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.). Sogn og Fjordane SSK 1 med Gunn Kristi S. Tvinnereim (Hardbagg IL/Stryn vgs.), Magnus Skeide Bakke (Eid IL- skiskyting/NTG-G) og Oskar Guddal Breivik (Markane IL/Stryn vgs.) vart nummer 19 i same klasse.

I klasse 17–22 år vart Sogn og Fjordane SSK 1 med Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.), Isak Nikolai Hopland (Hardbagg IL) og Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) nummer 19.

Oselie Henden (Eid IL- skiskyting/Stryn vgs.), Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.), og Ole Martin Erdal (Førde IL) gjekk inn til 23.-plass for Sogn og Fjordane SSK i 17–senior.