Junior-NM

– Det var ei enorm lette å endeleg stå på toppen av pallen

Tidlegare i vinter inngjekk Johan-Olav Smørdal Botn og lagkameratane på Team Hugaas eit veddemål der ingen fekk klippe seg før ein på laget hadde gått til topps under Norges cupen. Fredag kunne dei juble for gull under junior-NM og hårklipp.

GULL: Johan-Olav Smørdal Botn gjekk til topps under junior-NM for første gong under normalen fredag.   Foto: Privat

Sport

Denne helga har det vore junior-NM og Norges Cup i skiskyting på Dombås. Allereie fredag var det klart for første disiplin. Då var det NM normal som stod på plakaten for skiskyttarane. På start var fleire frå Eid IL- Skiskyting og Stårheim IL. I klasse menn 20 -22 gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) til topps. Han skaut 0+0+0+2 og kom i mål på tida 45:02.3. Andreplassen var det Mats Øverby (Lier IL/Team Woodcon) som tok. Han skaut 0+0+0+1 og var berre 3,3 sekund bak Johan-Olav i mål.