NM-gull og fjerdeplass til lokale skiskyttarar

Det vart gull til Johan-Olav Smørdal Botn i klasse menn 20 - 22 år under NM fredag. Magnus Skeide Bakke kom like utanfor pallen i klasse menn 17 år.

NM: Magnus Skeide Bakke gjekk inn til fjerdeplass under NM fredag. I tillegg vart det gull til Johan-Olav Smørdal Botn.   Foto: Nordfjordteam

Sport

Denne helga er det junior-NM og Norges Cup i skiskyting på Dombås. Allereie fredag var det klart for første disiplin. Då var det NM normal som stod på plakaten for skiskyttarane. På start var fleire frå Eid IL- Skiskyting og Stårheim IL. I klasse menn 20 -22 gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) til topps. Han skaut 0+0+0+2 og kom i mål på tida 45:02.3. Andreplassen var det Mats Øverby (Lier IL/Team Woodcon) som tok. Han skaut 0+0+0+1 og var berre 3,3 sekund bak Johan-Olav.

Gjekk inn til fjerdeplass

I klasse menn 17 år gjekk Magnus Skeide Bakke (Eid IL–Skiskyting/NTG-G) inn til ein fjerdeplass. Magnus kom i mål på tida 40:57.8, og var totalt 1:48.5 bak vinnaren Sigurd Øygard (Skrautvål IL/Team Valdres Ski) som vann med tida 39:09.3. På normalen fredag hadde Magnus totalt sju bom, medan vinnaren hadde fire bom totalt.

I tillegg til dette kom Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til ein 18.-plass i klasse menn 18 år. Han kom i mål på tida 41:09.8, og var 2:30.7 bak vinnaren Emil Hage Streitlien (Folldal IF/Stryn vgs.) som gjekk inn til gull med 0+1+0+2 bom og tida 38:39.1. Ask skaut 1+0+1+0. I tillegg kom Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til ein 26.-plass, med tida 42:01.0 og 3+2+0+1 bom. Lasse Flo Bødal vart nummer 44 i same klasse og kom i mål på tida 45:18.5, med 2+2+3+2.

Nummer 18 og 24

I klasse kvinner 18 år kom Oselie Henden (Eid IL–Skiskyting/Stryn vgs.) i mål på ein 18.-plass. Ho kom i mål på 40:0.3, og hadde 1+2+0+2. Oselie var 6.46.7 bak vinnaren Gro Njølstad Randby (Ivrig IL/NTG-G) som hadde to bom på siste skyting.

Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) vart nummer 24 då ho kom i mål på 41:28.7 og 1+2+2+2.