Ingebrigt Nes Hjelle toppar SSF Cup samanlagt

Tatt ut til ungdomsstafett i Holmenkollen

Tørres Bjelland Nøstdal og Ingebrigt Nes Hjelle gjekk inn til kvar sin siger under SSF Cup ved Sogndal Skisenter. Grunna dei gode resultata i cupen, er sistnemnde tatt ut til ungdomsstafett i Holmenkollen.

STAFETT: Ingebrigt Nes Hjelle leiar SSF Cup samanlagt (Gutar 16 år) og er no tatt ut til å gå Kong Haralds Ungdomsstafett 2020 i Holmenkollen.   Foto: Skiforbundet/Kong Haralds Ungdomsstafett

Sport

Laurdag gjekk SSF Cup i langrenn av stabelen ved Sogndal Skisenter, Hodlekve. Langrennsløparar frå Eid IL var blant dei som stod på startstreken.

Frå Eid IL vart det to sigrar. Tørres Bjelland Nøstdal gjekk i mål på tida 12:06 på 5 kilometer fri i klasse gutar 15 år og vann med 14 sekund ned til Magnus Furnes Degnepoll (Førde IL) som kom i mål på tida 12:20.

Det vart også siger til Ingebrigt Nes Hjelle i klasse gutar 16 år. Han gjekk i mål på 11:28 på 5 kilometer fri og slo Thomas Tefre (Førde IL), som tok andreplassen, med 28 sekund.

Stillinga i cupen

SSF cup har totalt 10 renn i løpet av sesongen. No har det vore seks renn, medan det står fire renn att. Stillinga i cupen er basert på desse renna, men det skal seiast at nokre utøvarar har berre stilt i eitt eller to renn av dei seks.

I klasse gutar 12 år, ligg Olve Mo Kalhagen (Eid IL) på ein sjuandeplass samanlagt. I klasse jente 12 år, leiar Malene Nes Hjelle (Eid IL) klassa med 75 poeng, medan Selma Lovisa Endal Andersson (Eid IL) som nummer fire og Agnes Bjelland Nøstdal (Eid IL) som nummer fem. I klasse gutar 13 år ligg Øyvind Ariansen (Eid IL) på delt fjerdeplass, medan Mats Dahlgren Hjelle (Eid IL) er nummer seks i same klasse. I klasse 15 år, ligg Tørres B. Nøstdal (Eid IL) på femteplass medan Lukas Andersson (Eid IL) er nummer seks samanlagt. I klasse jente 15 år ligg Ada Johanne Borgund (Eid IL) og Frøya Haughovd (Stårheim IL) på sjuande og åttandeplass samanlagt etter å ha stilt i eitt renn kvar i cupen.

Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) leiar gutar 16 år med 104 poeng etter å ha stilt i fire renn. Nestemann på lista er Thomas Tefre med totalt 80 poeng på fire renn.

Magnus Skeide Bakke (Eid IL) og Kasper Mundal (Stårheim IL) har gått eitt renn kvar i klassa menn 17 år, og ligg som nummer fem og seks i denne klassa.

Tatt ut til stafett

Grunna resultata samanlagt i SSF Cupen er Ingebrigt tatt ut til Kong Haralds Ungdomsstafett 2020 som går av stabelen i Holmenkollen. Det er langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins som har tatt ut laget til stafetten, som er ein mixed stafett for gutar og jenter i alderen 15 og 16 år, i samband med World Cup i Holmenkollen. I tillegg til Ingebrigt, er også Guri Line Brekke (Førde IL), Magnus Furnes Degnepoll (Førde IL) og Linnea O. Lundekvam (Førde IL) tatt ut.

Resultat

Gutar 9 år 1 km fri

Severin Nes Hjelle (Eid IL)

Gutar 10 år 1 km fri

Trym Hovden Pile (Eid IL)

Jente 12 år 2 km fri

1. Othilie Bosdal Thorsen (Førde IL) 07:19

2. Amanda Rørvik (Førde IL) 07:25

3. Malene Nes Hjelle (Eid IL) 07:57

4. Selma Lovisa Endal Andersson (Eid IL) 08:07

5. Otilie Haugen (Fjærland IL) 09:27

Gutar 13 år 3 km fri

1. Sivert Høyvik (Førde IL) 09:07

2. Steffen Vårdal Helle (Førde IL) 09:23

3. Eskil Nes (Årdalstangen IL) 09:55

4. Johannes Paulus Paulides (Årdalstangen IL) 10:36

5. Mats Dahlgren Hjelle (Eid IL) 10:39

Gutar 15 år 5 km fri

1. Tørres Bjelland Nøstdal (Eid IL) 12:06

2. Magnus Furnes Degnepoll (Førde IL) 12:20

3. Aksel Bjørkhaug (Førde IL) 12:42

4. Lukas Magnus Endal Andersson (Eid IL) 14:18

Gutar 16 år 5 km fri

1. Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) 11:28

2. Thomas Tefre (Førde IL) 11:56

3. Elias Amsrud Husa (Førde IL) 12:01

4. Mathias Aa Sandal (Breimsbygda IL) 12:27

5. Lars Teigen (Sogndal IL) 12:35

6. Martin Espe (Førde IL) 12:44

7. Anton Tveito (Kaupanger IL) 12:45

8. August Da Silva Sveen (Jotun IL) 13:22

9. Erik Alnes Litsheim (Førde IL) 13:26