Lokale skiskyttarar deltok på Vestlandsmeisterskap

Fleire kom på pallen

I helga var skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL – Skiskyting på plass då Vestlandsmeisterskapen og Gla Laks cup gjekk av stabelen på Vik skisenter.

VESTLANDSMEISTERSKAP: Lokale skiskyttarane gjekk inn til gode resultat under Vestlandsmeisterskapen. På bildet er vinnar Gunn Kristi Tvinnereim, Oselie Henden og Ingrid Heggen nummer to og tre på normalen i kvinner 18 år.   Foto: Nordfjordteam skiskyting

Sport

Denne helga har LM gått av stabelen rundt om i Norge, og LM Vest vart arrangert på Vik skisenter der fleire lokale skiskyttarar stod på startstreken både under normalen laurdag og sprinten søndag.

Under normalen laurdag vart det fleire gode plasseringar på dei lokale skiskyttarane som stilte til start, trass i krevjande forhold med mykje vind og regn. Ronja Haughovd (Stårheim IL) gjekk til topps i klassa jente 12 år. Mia Melheim Espe (Stårheim IL) gjekk også til topps i klassa jente 13 år. Frøya Haughovd (Stårheim IL) skaut fullt og gjekk inn til andreplass i klassa jenter 15 år, medan Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) gjekk inn til tredjeplass i same klasse etter totalt tre bom. I kvinner 18 år kom Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) på andreplass, medan Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) tok den siste pallplassen.

Under sprinten søndag vart det også gode resultat trass i krevjande forhold. Ronja Haughovd (Stårheim IL)) vart nummer to i klassa jente 12 år. Frøya Haughovd (Stårheim IL) tok førsteplassen i klasse jente 15 år, medan Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) tok andreplassen. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) gjekk inn til andreplass i klassa kvinner 18 år.

Resultat normal laurdag

Gutar 10 nybegynnarar og yngre

Syver Melheim Espe (Stårheim IL)

Viljar Haughovd (Stårheim IL)

Peder Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL)

Jente 12 år

1. Ronja Haughovd (Stårheim IL) 13:21m 0+1

Jente 13 år

1. Mia Melheim Espe (Stårheim IL) 15:30, 1+3

5. Era Samuline Prøven Borgund (Stårheim IL) 17:34, 2+3

Gutar 13 år

7. Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL)

Jente 15 år

2. Frøya Haughovd (Stårheim IL) 20:43, 0+0

3. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) 21:01, 1+2

Gutar 16 år

4. Trygve Myrold (Stårheim IL) 23:23, 2+2

Kvinner 18 år

2. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) 43:46, 0+5+4+3

3. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 44:02, 2+3+4+3

Resultat sprint søndag

Gutar 10 år nybegynnarar og yngre

Syver Melheim Espe (Stårheim IL)

Viljar Haughovd (Stårheim IL)

Peder Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL)

Jente 12 år

2. Ronja Haughovd (Stårheim IL) 12:33, 2+1

Jente 13 år

3. Mia Melheim Espe (Stårheim IL) 12:06, 3+1

6. Era Samuline Prøven Borgund (Stårheim Espe) 13:11, 2+2

Gutar 13 år

6. Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL) 14:42, 2+2

Jente 15 år

1. Frøya Haughovd (Stårheim IL) 13:48, 1+0

2. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) 14:39, 2+2

Gutar 16 år

4. Trygve Myrold (Stårheim IL) 14:15, 2+2

Kvinner 18 år

2. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 21:48, 3+4