Topp 20 i Canada

Åge Solheim var ein av fire norske alpinistar på start under slalåmen då Nor-Am Cup var på plass i Canada måndag.

SLALÅM: Åge Solheim frå Haugen IL køyrde inn til topp 20 plassering då Nor-Am Cupen var på plass i Canada .   Foto: Stig Stenberg

Sport

Fleire norske alpinistar, inkludert Åge Solheim (Haugen IL) stod på start under slalåmen då Nor-Am Cup var på plass i Mont Edouard i Canada måndag. I første omgang køyrde Åge i mål på tida 1:00.43, noko som var 25. beste tid og 4.92 bak Aj Ginnis frå USA som hadde beste tid med 55.51 og leia etter første omgang.

I finaleomgangen køyrde Åge i mål på tida 56.77, noko som var 22. beste tid. Åge vart til slutt nummer 18 i slalåmrennet, totalt 7.19 bak vinnaren Aj Ginnis, som var 0.30 framfor Benjamin Ritchie frå USA.

Åge vart den andre beste norske alpinisten i slalåmrennet i Nor-Am Cup måndag, berre slått av Joachim Bakken Lien på ein 8.-plass, 3.17 bak førsteplassen.