Norgescup på Gautefall

Gjekk inn til pallplass

Skiskyttarane frå Stårheim IL og Eid IL – Skiskyting gjorde det godt under Norgescupen i helga.

PÅ PALLEN: Magnus Skeide Bakke (t.h.) frå Stårheim IL/NTG-G gjekk inn til tredjeplass i klassa menn 17 år under sprinten laurdag. Det vart også pallplass på Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) under jaktstarten søndag.   Foto: Privat

I TOPPEN: Tidlegare i januar gjekk Magnus Skeide Bakke inn til 5.-plass under Lerøy Cup på Lygna.  Foto: Privat

Sport

Laurdag og søndag var nokre av dei beste skiskyttarane i landet samla på Gautefall då Lerøy Cup for senior, junior og ungdom gjekk stabelen. På startstreken stod fleire lokale skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL- Skiskyting. Laurdag var det sprint som stod på plakaten, og Magnus Skeide Bakke (Stårheim IL/NTG-G) gjekk inn til ein sterk tredjeplass i klassa menn 17 år. Med totalt to bom, var han 0:33.2 bak vinnaren Isak Leknes Frey frå Bærum Skiklubb/Dønski vgs. I tillegg gjekk Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til ein 7.-plass i klasse menn 18 år, medan Ingrid Heggen (Stårheim IL) gjekk inn til ein 9.-plass i klasse kvinner 18 år.

Søndag var det jaktstart for skiskyttarane under Norgescupen. I klassa menn 20–22 år gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) inn til andreplass. Skiskyttaren frå Stårheim hadde to bom på dei fire skytingane, og kom i mål 0:22.3 sekund bak Mats Øverby frå Lier IL/Team Woodcon som vann klassa. Magnus Skeide Bakke (M17) og Bendik Vereide (M18) gjorde det også svært godt då dei gjekk i mål til kvar sin fjerdeplass.

Resultat NC sprint laurdag

Menn 17 år

3. Magnus Skeide Bakke (Stårheim IL NTG-G) 21:16.8, 1+1

Kvinner 18 år

9. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 18:47.8, 1+1

18. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) 19:37.1, 1+1

Menn 18 år

7. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) 21:32.2, 0+0

21. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) 22:20.6, 0+2

40. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) 24:02.2, 0+3

Menn 20–22 år

12. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 23:20.9, 2+2

Kvinner

31. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse K18 18:47.8, 1+1

52. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) klasse K18 19:37.1, 1+1

Menn

19. Magnus Skeide Bakke (Eid IL-Skiskyting/NTG-G) klasse M17 21:16.8, 1+1

26. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse M18 21:32.2, 0+0

61. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse M18 22:20.6, 0+2

125. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) klasse M20-22 23:20.9, 2+2

172. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse M18 24:02.2, 0+3

Resultat NC jaktstart søndag

Menn 17 år

4. Magnus Skeide Bakke (Eid Il – Skiskyting/NTG-G) 31:25.0, 1+1+2+2

Kvinner 18 år

19. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 30:40.7, 2+3+1+2

28. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) 33:23.2, 2+0+4+3

Menn 18 år

4. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) 29:46.4, 1+0+1+1

36. Ask Haughovd (Stårheim IL) 35:00.3, 2+2+0+1

37. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) 35:06.2, 2+2+4+2

Menn 20–22 år

2. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 34:51.9 0+1+1+0

Kvinner

55. Ingrid Heggen (Stårheim IL) Klasse K18 30:40.7, 2+3+1+2

96. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) klasse K18 33:23.2, 2+0+4+3

Menn

12. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse M18 29:46.4, 1+0+1+1

26. Magnus Skeide Bakke (Eid IL – Skiskyting/NTG-G) klasse M1731:25.0, 1+1+2+2

100. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) klasse M20-22 34:51.9, 0+1+1+0

102. Ask Haughovd (Stårheim IL) klasse M18 35:00.3, 2+2+0+1

104. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) klasse M18 35:06.2, 2+2+4+2