Eid møtte Åsane

Fullt på høgde med topplaget i divisjonen

– Då vi møtte Åsane i Åsanehallen i november i fjor, mangla vi ein god del spelarar. I dag stiller vi med full tropp.

I kne: Lovro Kresic (som her er på kne) fekk verkeleg ei røff behandling av forsvarsspelarane til Åsane. Sjølv om Åsane gjorde det dei kunne for å stoppe Lovro så scora han åtte mål i kampen. Sju spelemål og eit mål på straffe. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

Det sa Øyvind Bjørlo, som trenar Eid sitt 3. divisjonslag i handball saman med Adrian Hagen Henden, før oppgjeret mot Åsane, serieleiaren av årets 3. divisjon. Resultatet i bortekampen Bjørlo viser til vart Åsane-siger med 36–28. Før oppgjeret mot Eid laurdag og Gloppen dagen etter, stod Åsane med 10 sigrar og eitt tap. Laget sitt einaste tap kom i Hauklandshallen, då Åsane tapte 25–26 mot BI.