Europacup:

Sterk topp ti plassering

Europacupen er på plass i Sveits, og under fredagens slalåmrenn vart Andrine Englund Mårstøl topp ti.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl køyrde ein svært god første omgang under slalåmrennet i Sveits fredag.   Foto: Privat

Sport

Europacupen er for tida i Hasliberg i Sveits. Torsdag køyrde Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) slalåm og vart til slutt nummer 17.


Topp 20 i Europacupen

Andrine Englund Mårstøl låg som nummer 15 etter første omgang i eit Europacuprenn i Hasliberg. Det låg an til ein spennande finaleomgang.


Fredag var det klart for endå eit slalåmrenn. Andrine starta som nummer 21, og køyrde seg inn til ein sterk 6.-plass i første omgang av slalåmrennet. Ho kom i mål på tida 47.44, og var 0.31 bak leiaren Elena Stoffel frå Sveits. Andrine var best av dei norske og dei skandinaviske i denne første omgangen.

I andre omgang køyrde Andrine i mål på tida 47.66 noko som var den 20. beste tida i denne omgangen. Med den sterke køyringa i første omgang vart det delt 9.-plass på Andrine 0.94 bak Martina Peterlini frå Italia som køyrde seg opp frå andreplass til førsteplass. Elena Hilzinger som leia etter første omgang kom på 5.-plass og utanfor pallen.

Andrine vart til slutt nest beste norske alpinist, berre slått av Maria Therese Tviberg som etter sterk køyring i finaleomgangen tok 8.-plassen i slalåmrennet, plassen rett framfor Andrine.