Topp 20 i Europacupen

Andrine Englund Mårstøl låg som nummer 15 etter første omgang i eit Europacuprenn i Hasliberg. Det låg an til ein spennande finaleomgang.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl køyrde slalåm torsdag under eit Europacuprenn i Sveits.   Foto: Privat

Sport

Med startnummer 20 køyrde Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL slalåm torsdag då Europacupen var på plass i Hasliberg i Sveits. I første omgang køyrde Andrine i mål på tida 47.93, noko som var 15. beste tid i omgangen. Marta Rossetti frå Italia hadde bestetid med 46.67 i første omgang. Andrine var andre beste norske alpinist, berre slått av Kaja Norbye som kom i mål på tida 47.51 og låg som nummer åtte etter første omgang.

I finaleomgangen køyrde Andrine i mål på tida 49.98. I finaleomgangen køyrde Andrine i mål på tida 49.98, noko som var 25. beste tid i omgangen. Andrine vart til slutt nummer 17, totalt 1.85 bak Charlie Guest frå Storbritannia som vann slalåmrennet. Marta Rossetti som leia etter første omgang tok andreplassen, 0.12 bak Guest.

Etter svært god køyring av dei norske alpinistane vart Andrine den tredje beste norske alpinisten. Kaja Norbye køyrde seg opp til ein fjerdeplass, medan Maria Therese Tviberg køyrde seg opp til ein 9.-plass.