Skiskyting

Gode resultat under KM

I helg vart det arrangert kretsmeisterskap og krinsrenn på Ullsheim og mange lokale skiskyttarar deltok.

KM: Fleire lokale skiskyttarar var på plass då KM og krinsrenn gjekk av stabelen på Ullsheim i helga. Her er Ask Haughovd, som gjekk til topps i klassa menn 18 år under KM laurdag.   Foto: Olin Maria Yri (Arkiv)

Sport

Laurdag var det klart for kretsmeisterskap på Ullsheim og normal stod på plakaten. Søndag var det også renn, denne gong var det krinsrenn og sprint. Fleire lokale skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL – Skiskyting deltok både på KM og krinsrennet og gjekk i mål på gode tider og plasseringar.