Køyrde første renn i Europacupen i 2020

I helga køyrde Andrine Englund Mårstøl sine første Europacuprenn i 2020.

Europacup: Andrine Englund Mårstøl i aksjon tidlegare i vinter.  Foto: privat

Sport

Fredag og laurdag køyrde Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL Europacup i Zell am See i Austerrike. Dette er dei første Europacup renna deltek i etter jul. Under slalåmen fredag vart det ein 32.-plass på alpinisten frå Haugen IL. Andrine kom i mål på tida 43.43 i første omgang, og 44.32 i finaleomgangen. Totalt var Andrine 4.91 bak vinnaren Marta Rossetti frå Italia.

Laurdag var det klart for nytt slalåmrenn i Europacupen. I første omgang kom Andrine i mål på tida 43.00, og i andre omgang kom ho i mål på 44.48. Det vart til slutt ein 28.-plass på Andrine. Det var Jessica Hilzinger frå Tyskland som vann rennet 0.28 framfor Elena Stoffel frå Sveits. Andrine var totalt 3.50 bak vinnaren.