Gode resultat under Trøndersvøm

Symjarane frå Eid Symjeklubb deltok i helga på det nasjonale Trøndersvøm 2020.

Symjestemne: Denne gjengen frå Eid Symjeklubb deltok på nasjonalt symjestemne i helga. Bak frå venstre: Atle Henden (trenar), Eline Henden, Marte Isene, Marcus Haus, Daniel Vindfjell, Marius Husevåg og Robin Husevåg. Framme frå venstre: Alva Midtbø og Gaute Sætre.   Foto: privat

Sport

Symjarane i Eid symjeklubb skal vere inne i ei god treningsperiode, og i helga deltok fleire av dei på Trøndersvøm 2020, som er eit stort nasjonalt stemne der mange av dei beste symjarane i landet deltek. I tillegg til gode plasseringar, der fleire fekk pallplassar, sette også dei lokale symjarane personlege rekordar under stemnet som vart arrangert på Pirbadet i Trondheim.