Handball 4. divisjon damer

Eid utklassa Vik

Då Eid og Vik møttest i Blixhalli i Vik den 24. november i fjor vart resultatet 13-9. –Vi hadde dobbelt så mange skot på mål som Vik i den kampen, men vi tapte likevel med fire mål, sa Szymon Franciszek Kac, trenar for Eid sitt damelag før dagens kamp.
Sport

Det vart både fleire mål i kampen i Eid Idrettshus søndag ettermiddag, og ikkje minst vart sigeren større. Denne gongen var det heimelaget Eid som vann oppgjeret, med heile 32 – 18. Toppscorar for heimelaget vart Elena Balsnes Lyngstad med åtte mål. Elles er det verd å merke seg det gode målvaktspelet i store delar av kampen. I 1. omgang tok det heile 20 minutt før gejstane frå Vik fekk sitt tredje mål. I andre omgang fekk dei sitt første mål ti minutt ut i omgangen. Bra målvaktspel av Silje Sørensen Høydal og Sunniva Flaten Brekke var ein medverkande faktor til Eid si utklassing av Vik.