Trym Dalset Lødøen:

– Det inspirerer meg til å jobbe hardt framover

Trym Dalset Lødøen hevda seg i toppen då første distanse i randonee gjekk av tabellen under Ungdoms-OL i Sveits.

Fornøgd: Trym Dalset Lødøen er godt fornøgd med den internasjonale debuten under Ungdoms-OL.  Foto: Privat

Sport

Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) deltek i desse dagar under Ungdoms-OL i Lausanne i Sveits. Torsdag 9. januar var det opningsseremoni, og fredag var det allereie klart for Trym sin første distanse i randonee, som for første gong er ei offisiell grein i IOC-samanheng. Fredag var det klar for individuelt renn, og Trym kom i mål på tida 50:58.23 og ein flott 6.-plass av 23. Thomas Bussard frå Sveits kom i mål på tida 47:49.85 og gjekk til topps. Trym var totalt 3:08.38 bak vinnaren i mål.