Magnus Skeide Bakke:

Sterk plassering under Norgescupen

Magnus Skeide Bakke gjekk i mål som topp 5 på 10 kilometer fristil under Norgescup for langrennsutøvarar.

TOPP FEM: Under Norgescupen på Lygna i helga gjekk Magnus Skeide Bakke inn til ein flott femteplass på distansen 10 kilometer fristil.   Foto: Privat

Sport

I helga har det vore arrangert Norgescup for langrennsløparar i juniorklassa på Lygna. Fleire frå Sogn og Fjordane har delteke gjennom helga. Frå Eid IL deltok Magnus Skeide Bakke (Eid IL), som i haust flytta frå Nordfjordeid til Geilo for å satse på idretten på Norges toppidrettsgymnas.

Han gjekk søndag inn til ein sterk 5.-plass på 10 kilometer fristil i klasse menn 17 år. Magnus kom i mål på tida 23:24.7, og var 57.9 sekund bak Per Strand Hagenes (Sandnes IL) som gjekk inn til førsteplass på distansen søndag.

Det var totalt 180 langrennsløparar som kom i mål på distansen.