Åge Solheim

Ny pallplass i USA

I helga har Åge Solheim køyrt storslalåm i Aspen/Highlands og tar med seg to pallplassar.

PÅ PALLEN: Åge Solheim køyrde storslalåm fredag og laurdag i Aspen/Highlands i USA. Han køyrde godt i begge renna og kom på pallen.   Foto: privat

Sport

På pallen i storslalåm

Åge Solheim køyrde storslalåm fredag i Aspen/Highlands i USA. Han køyrde godt i begge omgangane og kom på pallen.


Åge Solheim (Haugen IL) køyrer i helga universitetsrenn i Aspen/Highlands I USA. Fredag køyrde han inn til ein 2.-plass i storslalåm. Laurdag var det klart for nytt storslalåmrenn, og også i dette rennet gjorde Åge det svært godt.

I første omgang køyrde Åge inn til leiing på tida 57.92. Alpinisten frå Haugen var +0.16 framfor Mikkel Solbakken, også frå Norge, som køyrde inn til andreplass. Det var ein svært god omgang av dei norske alpinistane og Joachim Bakken Lien, låg på tredjeplass, +0.41 bak Åge.

I finaleomgangen køyrde Åge i mål på tida 1:10.19, noko som var femte beste tid i omgangen.

Det vart til slutt ein tredjeplass på Åge under storslalåmen laurdag. Dei to andre norske kom på fjerde og femteplass. Det var Tobias Kogler frå Austerrike som gjekk til topps etter ein svært god andreomgang der han kom i mål på tida 1:09.30.