Topp ti i Austerrike

Andrine Englund Mårstøl køyrde torsdag sitt første renn i 2020 og kom i mål som topp 10.

STORSLALÅM: Andrine Englund Mårstøl vart nummer ti under eit FIS-renn i Austerrike torsdag.   Foto: privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde torsdag 9. januar FIS-renn i Maria Alm i Austerrike. Med tida 57.50 i første omgang og 57.31 vart Andrine til slutt nummer ti i storslalåmen torsdag. Alpinisten frå Haugen var 1.54 bak Marte Monsen frå Norge som vann rennet.

Det var ein god norsk dag, og Andrine vart til slutt tredje beste norske alpinist under storslalåmen.

Same dag køyrde Andrine eit til storslalåmrenn i Maria Alm. Då også vart det 10.-plass på alpinisten frå Haugen IL. Sigeren tok Luisa Matilde Maria Bertani frå Italia. Andrine var til slutt 1.42 bak vinnaren i mål etter to omgangar.