I toppen under Ungdoms-OL

Trym Dalset Lødøen hevda seg i toppen under første distanse under Ungdoms-OL i Sveits.

RANDONEE: Trym Dalset Lødøen representerer Haugen IL, og i desse dagar konkurrerer han i Ungdoms-OL i Sveits.   Foto: Privat

Sport

Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) deltek i desse dagar under Ungdoms-OL i Lausanne i Sveits. Torsdag var det opningsseremoni, og fredag var det allereie klart for Trym sin første distanse i randonee, som for første gong er ei offisiell grein i IOC-samanheng.

Fredag var det nemleg menn individuell. Trym kom i mål på tida 50:58.23 og ein flott 6.-plass på den individuelle distansen. Det var Thomas Bussard frå Sveits som gjekk til topps i den første distansen for randonee utøvarane i Ungdoms-OL. Han kom i mål på tida 47:49.85. Trym var totalt +3:08.38 bak vinnaren i mål.

Det var totalt 23 randoneeutøvarar som kom i mål under distansen fredag, i tillegg til ein som ikkje fullførte.

Internasjonalt nivå

Trym har tatt steget opp på nasjonalt nivå i juniorklassa i randonee på kort tid. I år er det andre sesongen han stiller på start, og er i dag heilt i toppen av juniorklassa i Norge. Tidlegare i vinter vann han uttaksrennet og vart med det einaste gut som vart tatt ut i Norge sin randoneetropp.

Sporten er forholdsvis ny i Norge, men er svært stor i Mellom-Europa.

– Det er ganske høgt nivå. Det blir spennande å sjå korleis eg kan hevde meg internasjonalt. Målet er over halvparten og så får vi sjå korleis det går, sa Trym til Fjordabladet før han reiste til Ungdoms-OL.