Topp 15 i Nor-Am Cup

Etter tre renn på tre dagar står Åge Solheim med to topp 15 plasseringar i Nor-Am Cup.

USA: Åge Solheim har denne veka køyrt gode renn i Nor-Am Cup som har gått av stabelen i USA.   Foto: privat

Sport

Tysdag var det klart for endå eit storslalåmrenn då Nor-Am Cup var på plass i Stowe Mountain Resort/Spruce Peak, USA. Åge Solheim (Haugen IL) med startnummer 19, køyrde i første omgang i mål på tida 1:01.01, noko som var den 19. beste tida i omgangen.

I finaleomgangen køyrde Åge i mål på tida 59.73, og hadde 14. beste tid denne omgangen. Det vart til slutt ein flott 15. – plass til alpinisten frå Haugen IL i Nor-Am Cup tysdag, ein cup som kan samanliknast med Europacup, nivået under verdscup.

Det var til slutt Brodie Seger, frå Canada, som gjekk til topps i storslalåmen tysdag. Han leia rennet også etter første omgang.

Slik gjekk det tidlegare i veka

Storslalåmen tysdag var Åge sitt tredje renn på rad. Søndag køyrde han sitt første renn i 2020 då Nor-Am Cup var på plass i Burke Mountain, USA. Storslalåm stod på plakaten søndag, og Åge kom på ein 13.-plass, totalt 1.39 bak Bastian Meisen frå Tyskland, som tok førsteplassen.

Måndag var Nor-Am Cup på plass i Stowe Mountain Resort/Spruce Peak, USA. Den norske alpinisten låg som nummer 14 etter første omgang i storslalåmen, men i andre omgang køyrde han ut.


Åge Solheim i Nor-Am Cup

14.-plass etter første omgang

Åge Solheim køyrde storslalåm i USA måndag, og etter første omgang låg han som nummer 14.



Sterkt resultat i Nor-Am Cup

Åge Solheim køyrde inn til 13.-plass i storslalåm då Nor-Am Cup gjekk av stabelen i Burke Mountain.