Norges-Cup

Fleire lokale skiskyttarar topp ti

I helga gjekk Lerøy Cup av stabelen, og det vart fleire gode resultat på dei lokale skiskyttarane.

CUP: Det vart fleire gode resultat på skiskyttarane frå Stårheim IL og Eid IL - Skiskyting under Lerøy Cup i helga.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

7.-PLASS: I klassa menn 18 år fekk Emil Hage Streitlien (t.v.) frå Folldal IL 5. plass, Jens-Henrik Hegg (midten) frå Vik IL 18. plass og Bendik Vereide (t.h.) frå Stårheim IL 7. plass.   Foto: Nordfjord Team Skiskyting

Sport

I helga har fleire lokale skiskyttarar vore i aksjon under Norges-Cup i skiskyting på Oppdal. Laurdag under fellesstarten kom Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) på 10.-plass i klassa menn 20–22 år. Under sprinten søndag gjekk han inn til ein flott 5.-plass, med ein bom og berre 25.6 bak førsteplassen.

Også fleire lokale juniorar var i aksjon på Oppdal. Laurdag var det klart for sprint for ungdomane. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) gjekk inn til 7.-plass i klassa menn 18. I denne klassa var det 54 som stilte på start. Magnus Skeide Bakke (Eid IL- skiskyting/NTG-G) gjekk inn til 12.-plass i klassa menn 17. Det var 76 skiskyttarar som var på start. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) gjekk inn til 19.-plass av 36 i klassa kvinner 18 år. Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL/Stryn vgs.) gjekk i mål til ein 2.-plass i denne klassa.

Søndag var det fellesstart for ungdommane. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) kom i mål på ein 40.-plass med ni bom totalt, i klassa menn 18 år. I denne klassa var det 52 på start. Det er verdt å merke at førsteplassen i klasse menn 18 år gjekk til Emil Hage Streitlien (Folldall/Stryn vgs.). Magnus Skeide Bakke (Stårheim IL/NTG-G) kom på ein 11.-plass med åtte bom i klassa menn 17 år. Totalt 71 skiskyttarar stilte til start. I kvinner 18 år kom Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) på 16.-plass av 34 med fem bom.

Resultatliste laurdag

Fellesstart:

Menn 20–22 år

10. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas). 35:39.1, 3+0+1+2

Sprint:

Kvinner 18 år

19. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.). 24:56.6, 1+2

Menn 18 år

7. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.). 23:30.4, 0+2

Menn 17 år

12. Magnus Skeide Bakke (Eid IL- skiskyting/NTG-G). 24:47.8, 3+2

Resultatliste søndag

Sprint:

Menn 20–22 år

5. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas). 22:14.0, 0+1

Fellesstart:

Kvinner 18 år

16. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.). 27:59.0, 2+0+1+2

Menn 18 år

40. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.). 33:35.1, 3+1+0+5

Menn 17 år

11. Magnus Skeide Bakke (Eid IL – Skiskyting/NTG-G). 31:23.5, 1+2+3+2