Eid – Florø 2:

Eid sitt damelag overraska eit godt Florø-lag

– Det var på tide at vi greidde å slå Florø, sa ein nøgd Szymon Franciszek Kac, trenar for Eid sitt damelag etter at heimelaget hadde nedsabla gjestane frå nye Kinn med heile sju mål.

Seks mål: Elena Balsnes Lyngstad spelte ein stor kamp mot Florø 2. I tillegg til seks mål la Elena opp til fleire av Eid sine andre mål. – Dette var ein lagsiger, sa ho etter kampen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

Eid starta kampen svært så bra. Etter berre seks minutt av kampen leia heimelaget 5–1. Det kunne verke som om damene på Florø 2, som låg på andreplass på tabellen med dobbelt så mange poeng som heimelaget. Vel ti minutt kunne det sjå ut som om gjestande lag sette i gong ein offensiv for å hente opp det tapte. Men Heimelaget svarte på alle angrep. Heilt fram til det var sju minutt av omgangen, leia Eid sine damer med to, tre eller fire mål. Men det var eitt eller annan som skjedde dei siste ni minuttane av omgangen.