Fleire kom på pallen under KM

Det vart fleire pallplasseringar på Eid IL, Heggjabygda IL og Stårheim IL under KM på Ullsheim i helga.

KRETSMEISTERSKAP: Det vart arrangert KM på Ullsheim i helga, og fleire frå Eid IL, Heggjabygda IL og Stårheim IL stod på startstreken.   Foto: Skiforbundet

Sport

Laurdag 28. desember vart det arrangert Sogn og Fjordane kretsmeisterskap (KM) på Ullsheim. Rennet inngår i SSF Cup for junior.

Denne gong var det Førde IL som stod som arrangør, i samarbeid med Markane IL. Rennet skulle eigentleg gå føre seg på Langeland, men vart flytta grunna mildvêr den siste veka. Det var også planlagt at rennet skulle arrangerast søndag, men vart flytta til laurdag, også grunna vêret.

Fleire frå Eid IL, Heggjabygda IL og Stårheim IL stod på startstreken saman med langrennsutøvarar frå Førde IL, Sogndal IL, Markane IL, Sunnylven IL, Breimsbygda IL, Hovdebygda IL, Øvre Sigdal IL, Fjellhaug/Vereide IL, Hardbagg IL, Hafslo IL, Holmen IF, IL Bjørn – ski, Medkila Skilag, Kaupanger IL, Gaular IL, Veten IL og Bjørke IL.

Det vart fleire flotte plasseringar på langrennsutøvarane frå Eid Il, Heggjabygda IL og Stårheim IL. Det vart blant anna pallplasseringar på Ingrid Heggen (Heggjabygda IL) i klasse Kvinner 18 år, Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) i klasse gutar 16 år, Ada Johanne Borgund (Eid IL) i klasse jente 15 år, Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL) i klasse gutar 13 år, Ronja Haughovd (Stårheim IL) i klasse jente 12 år. Magnus Skeide Bakke (Eid IL) gjekk heilt til topps i klasse menn 17 år.

Resultat KM Friteknikk laurdag

Kvinner 18 år

3. Ingrid Heggen (Heggjabygda IL). 13:42.5

Menn 17 år

1. Magnus Skeide Bakke (Eid IL). 23:05.4

4. Kasper Mundal (Stårheim IL). 25:29.6

Gutar 16 år

2. Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL). 12:17.8

Gutar 15 år

7. Lukas Magnus Endal Andersson (Eid IL). 14:15.7

Jente 15 år

3. Ada Johanne Borgund (Eid IL). 14:23.6

7. Frøya Haughovd (Stårheim IL). 15:19.2

Gutar 14 år

6. Esekiel Henden (Eid IL). 10:25.9

Gutar 13 år

2. Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL). 10:54.8

5. Elias Endal Hellesø (Stårheim IL). 11:32.5

Jente 13 år

7. Mia Melheim Espe (Stårheim IL). 11:16.5

9. Era Samuline Prøven Borgund (Eid IL). 11:37.6

Gutar 12 år

5. Olve Mo Kalhagen (Eid IL). 06:44.5

Jente 12 år

2. Ronja Haughovd (Stårheim IL). 06:41.6

4. Malene Nes Hjelle (Eid IL). 07:08.2

6. Selma Lovisa Endal Andersson (Eid IL). 07:23.1

Samuel Henden (Eid IL), Peder Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL), Trym Hovden Pile (Eid IL), Ari Petrus Prøven Borgund (Eid IL), Oda Mo Kalhagen (Eid IL), Syver Melheim Espe (Stårheim IL), Viljar Haughovd (Stårheim IL), Severin Nes Hjelle (Eid IL), Konstanse Henden (Eid IL), Sivert Tomasgard (Eid IL) stod også på startstreken i klassene 8 til 11 år.