Topp 20 i Nor-Am Cup

Det vart 17.-plass på Åge Solheim under eit Nor-Am Cup renn onsdag.

Åge Solheim køyrde inn til 17.-plass i Nor-Am Cup onsdag.   Foto: Privat

Sport

Åge Solheim (Haugen IL) køyrde onsdag Nor-Am Cup i Nakiska, Canada, som vert rekna på linje med europacup, altså nivået under verdscup. Åge køyrde inn til ein 17.-plass i storslalåm onsdag. I første omgang køyrde han i mål på tida 54,63 og i andre omgang 56.73. Åge var 1.38 totalt bak vinnaren Maarten Meiners frå Nederland.

Dette var andre rennet for sesongen for alpinisten frå Haugen IL, som køyrde inn til andreplass i sesongopninga i Canada tidlegare i desember.


Sesongopna med andreplass i Canada

Åge Solheim køyrde i helga sitt første renn for sesongen då han stod på start i eit FIS-renn i Canada.