Andrine Englund Mårstøl:

Fornøgd med verdscupdebuten

Andrine Englund Mårstøl var svært nære å kome med til andre omgang då ho debuterte i verdscupen denne veka.

FEKK SIN DEBUT: Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) var på startstreken då verdscupen var på plass i Courchevel i Frankrike denne veka.   Foto: privat

Sport

Tysdag denne veka var verdscupen på plass i Courchevel, i Frankrike. På start stod også Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL for første gong i karrieren. I første omgang køyrde Andrine, som hadde startnummer 59, i mål på tida 1:09.63. Det heldt til slutt til ein 33.-plass for alpinisten frå Haugen IL som akkurat ikkje vart topp 30 og med det gjekk ikkje vidare til andre omgang. Det var Michelle Gisin frå Sveits som tok den siste finaleplass med tida 1:09.41. Andrine var berre 0,22 ifrå å kome til finaleomgang i sitt første verdscuprenn.