Tatt ut til verdscup

Andrine Englund Mårstøl har i vinter gjort det godt i Europacupen. No er ho tatt ut til å køyre verdscup.

STABILE RESULTAT: I helga køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til karrierebeste då ho kom på femteplass under eit Europacup renn. Tysdag køyrer ho verdscup for første gong.   Foto: Privat

Sport

Laurdag køyrde Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) inn til karrierebeste då ho kom på femteplass under eit Europacup renn i Andalo, i Italia. Andrine starta som nummer 26 i storslalåm laurdag, og kom i mål på tida 1:08.77 i første omgang. I andre omgang køyrde Andrine i mål på tida 1:09.05, noko som var beste tid i omgangen. Til slutt var Andrine, som kom på ein flott femteplass, 1.37 bak vinnaren Marte Monsen frå Norge i mål.

Søndag var det også klart for storslalåm i Andalo, men denne gong køyrde Andrine ut i første omgang.

God og stabil

Grunna den gode køyringa i Europacupen den siste tida, er Andrine no tatt ut til å køyre verdscup komande tysdag. Verdscuprennet går i Courchevel, i Frankrike. Det skal vere rundt 20 år sidan ein alpinist frå Sogn og Fjordane har køyrt verdscup.


Har to store mål for sesongen

I oppkøyringa har Andrine Englund Mårstøl trent med gutane og reist med NTG Lillehammer og Europacuplaget. No er ho klar til å ta fatt på endå ein sesong i alpinbakken.


Topp ti

Sidan sesongen starta i november har Andrine køyrt fleire Europacup renn. Der har det blitt gode plasseringar, og Andrine har vore rundt topp ti i kvart renn. Ho var også med å kjempa om sigeren under kombinasjonsrennet i Kvitfjell, men hamna til slutt på ein flott 8.-plass. Andrine har vore beste eller nest beste norske alpinist i dei fleste Europacup renna i desember.


Europacup

Kjempa om sigeren i kombinasjonsrenn

Andrine Englund Mårstøl køyrde torsdag og fredag kombinasjonrenn i Europacupen.