Tatt ut til ungdoms-OL

Trym Dalset Lødøen skal representere Norge i ungdoms-OL.

Klar: Trym Dalset Lødøen er tatt ut som ein av to norske utøvarar til ungdoms-OL i randonee.   Foto: Privat

Sport

For første gong er randonee ei offisiell grein i IOC-samanheng, og når ungdoms-OL går av stabelen i Sveits komande januar, står to norske utøvarar på startstreken. Trym Dalset Lødøen, frå Hjelmelandsdalen i Eid, som akkurat har tatt fatt på sin andre sesong i randonee, er tatt ut som einaste norske gut, medan Kari Forseth er tatt ut som einaste jente frå Norge. Det var under Norgescup opninga i randonee at Trym gjekk til topps, og vart tatt ut til ungdoms-OL.

Randonee er ein sport som handlar om å kome seg opp og ned frå fjellet fortast mogleg. Sporten er forholdsvis ny i Norge, men i land som Sveits, Spania og Frankrike er dette ein av dei store vinteridrettane.