Sesongopna med andreplass i Canada

Åge Solheim køyrde i helga sitt første renn for sesongen då han stod på start i eit FIS-renn i Canada.

FIS: Åge Solheim køyrde FIS-renn i Canada denne helga. Han kom i mål berre 0.16 bak vinnaren.   Foto: privat

Sport

Laurdag 7. desember køyrde Åge Solheim frå Haugen IL sitt første renn for sesongen. Han stod nemleg på startstreken under FIS-rennet i Norquay i Canada.

Laurdag var det slalåm som stod for tur, og Åge starta som nummer 15. I første omgang kom Åge i mål på tida 42.90, og låg på tredjeplass med ein omgang igjen. I andre omgang kom han i mål på tida 39.29, noko som var beste tid. Alpinisten frå Haugen IL køyrde seg difor opp til ein sterk andreplass totalt under sesongopninga, med total tida 1:22.19. Etter to omgangar var han berre 0.16 bak vinnaren Kyle Alexander frå Canada.

Det var svært jamt på pallen i slalåmrennet, og tredjeplassen gjekk til Jamie Casselman, også frå Canada, som kom i mål like bak Åge, på tida 1:22.20.