Europacup

Kjempa om sigeren i kombinasjonsrenn

Andrine Englund Mårstøl køyrde torsdag og fredag kombinasjonrenn i Europacupen.

Europacup: Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) leia etter slalåmdelen då kombinasjonrennet gjekk av stabelen på Kvitfjell.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL har torsdag og fredag vore på plass på Kvitfjell under Europacupen. Torsdag vart det ein god 9.-plass på Andrine i Super-G, som vart den nest beste norske alpinisten også denne gong.


Andrine blant topp ti

Andrine Englund Mårstøl køyrde inn til ein 9.-plass under torsdagens Super-G på Kvitfjell.


Torsdag ettermiddag og fredags morgon var det igjen klart for nytt renn. Denne gong var det kombinasjonsrenn som stod for tur i Europacupen. Andrine starta som nummer 57 torsdag i slalåmdelen. Ho kom i mål på tida 42.46. Dette var bestetid og Andrine leia med det rennet etter at ein kombinasjon var ferdig. Ho var 0.19 framfor Jessica Hilzinger frå Tyskland på andreplass.

Fredag var det Super-G som stod for tur i kombinasjonsrennet. Denne gong kom Andrine i mål på tida 55.49, og var 1.71 bak førsteplassen, Nadine Fest frå Austerrike. Det heldt til ein 33.-plass i Super-G.

Grunna det svært gode resultatet på slalåmdelen vart det ein flott 8.-plass totalt etter slalåmdelen og Super-G. Andrine var totalt 1.37 bak vinnar Nadine Fest. I dette rennet også var Andrine nest beste norske alpinist bak Tuva Norbye som kom på 5.-plass.

Stabile resultat

Andrine har den siste veka køyrt Europacup både i Sverige og Norge. Ho har gjort det svært godt, og vore rundt topp ti i Europacupen i alle renna. I tillegg har ho også vore beste eller nest beste norske alpinist i alle renn.


Europacup

Andrine best av dei norske

Tysdag køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til ein 13.-plass i Europacupen i Sverige.