Siste kamp i Brann-drakt

Azar Karadas spelte i helga sin siste kamp for Brann.

Azar Karadas si kontrakt i Brann går ut rundt nyttår. Framleis er det usikkert kva han gjer etter dette.   Foto: Brann

Sport

Eidaren Azar Karadas spelte i helga sin siste kamp i Brann-drakta då Brann gjekk på eit 1–5 tap heime mot Viking. Tidlegare i haust vart det klart at Karadas ikkje får ny kontrakt med Brann og kontrakten går no ut rundt nyttår. Det er enno ukjent kvar vegen går vidare for Karadas, men han har fått fleire tilbod frå ulike klubbar. Brann ønskjer også å ha med Eidaren vidare, men ikkje som spelar.