Andrine blant topp ti

Andrine Englund Mårstøl køyrde inn til ein 9.-plass under torsdagens Super-G på Kvitfjell.

Andrine Englund Mårstøl var nest beste norske alpinist under Super-G torsdag.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL har tidlegare denne veka levert gode resultat under Europacupen i Sverige.


Europacup

Andrine best av dei norske

Tysdag køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til ein 13.-plass i Europacupen i Sverige.


Torsdag var Andrine på plass på Kvitfjell og denne gong var det Super-G som stod på plakaten under Europacupen. Der vart det ein svært god 9.-plass på Andrine, som vart den andre beste norske alpinisten også denne gong. Andrine kom i mål på tida 55.99, og var 1.08 bak vinnaren Nadine Fest frå Austerrike.

I tillegg til Super-G torsdag morgon, køyrer ho også kobinasjonsrenn torsdag. Etter planen skulle det vere Super-G torsdag og slalåm fredag, men grunna vêret vart dette bytt om på. Andrine køyrer difor slalåm torsdag ettermiddag. Rennet er enno ikkje ferdig.