Europacup

Andrine best av dei norske

Tysdag køyrde Andrine Englund Mårstøl inn til ein 13.-plass i Europacupen i Sverige.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl køyrer denne veka Europacup. Måndag og tysdag har ho gjort det godt i slalåmen.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrer Europacup i Funäsdalen i Sverige denne veka. Med startnummer 24 i slalåmen tysdag køyrde Andrine inn til ein god 13.-plass og vart med det beste norske alpinist.

Etter første omgang låg Andrine på ein 17.-plass, men i andre omgang køyrde ho seg opp fire plassar og enda til slutt på 13.-plass. Andrine hadde 8. beste tid i andre omgang.

Det var Jessica Hilzinger frå Tyskland som vann slalåmen tysdag, 0.28 framfor Charlie Guest frå Storbritannia.

Fleire gode plasseringar

Måndag var det også slalåm, og då vart det ein 11.-plass på Andrine som hadde den 2. beste tida i andre omgang og klatra frå 27.-plass til 11.-plass med startnummer 56.

Fredag vart det 9.-plass på Andrine i storslalåm, denne gong var det i Europacup i Trysil. Laurdag var det også storslalåm i Trysil, men då køyrde Andrine ut i første omgang.