Andrine Mårstøl køyrer Europacup

Nest best av dei norske

Andrine Englund Mårstøl køyrte inn til ein 9.-plass i Europacupen fredag, og måndag klatra ho 16 plassar etter ein god andre omgang.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL køyrer Europacup i Norge og Sverige. Ho har gjort det svært godt dei siste dagane.   Foto: Privat

Sport

Måndag stod Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) på startstreken under Europacupen i Funäsdalen i Sverige. Det vart ein 11.-plass på Andrine under slalåmen måndag, som hadde 2. best tid i andre omgang med tida 50.10 og klatra frå 27.-plass til 11.-plass med startnummer 56. Andrine køyrde inn som den andre beste alpinisten frå Norge under Europacup rennet i Funäsdalen, berre slått av Tuva Norbye på 10.-plass. Det var Jessica Hilzinger frå Tyskland som tok sigeren i rennet 0.01 framfor Selina Egloff frå Sveits. Andrine var 1.70 bak førsteplassen etter to omgangar.

Nummer ni

Denne helga køyrde Andrine Europacup i Trysil. Fredag var det storslalåm som stod for tur, og Andrine gjorde det svært godt då ho køyrde inn til ein niandeplass totalt etter to omgangar. Alpinisten frå Haugen IL var andre best av dei norske utøvarane som stod på start. Det var Sara Rask frå Sverige som tok sigeren i storslalåm fredag 0.06 framfor Rosina Schneeberger frå Austerrike. Andrine var 0.95 bak førsteplassen etter to omgangar.

Laurdag var det også storslalåm i Trysil, men då køyrde Andrine ut i første omgang. Sara Rask vann også denne storslalåmen.