Vann heime mot Florø

Eid G16 slo Florø G16 33 – 29 på heimebane søndag ettermiddag.

SIGER: Det vart heimesiger på Eid då dei slo Florø søndag ettermiddag  Foto: Olin Maria Yri

TOPPSCORAR: Florøspelar Magnus Løseth Østvik scora 14 mål i kampen, medan Matheus Balsnes Lyngstad på Eid scora sju mål og to frå sju meteren.   Foto: Olin Maria Yri

FJERDE: Med siger over Florø ligg Eid på fjerdeplass på tabellen.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Eid Gutar 16 møtte Florø Gutar 16 på heimebane søndag. Det enda med siger til heimelaget. Det var ein jamn kamp, og til pause stod det 15 — 14 til Eid. Etter to omgangar spelt var det Eid som kunne juble då tavla lyste 33 — 29 til Eid.

Toppscorar i kampen vart Florøspelar Magnus Løseth Østvik med heile 14 mål. Matheus Balsnes Lyngstad på Eid scora sju mål og to frå sju meteren. Vetle Bjørneset scora også sju mål for Eid.

Eid ligg no på fjerdeplass på tabellen etter at laget har spelt fem kampar og har totalt fire poeng. Florø ligg på femteplass med to poeng. Dale toppar tabellen etter fire sigrar på fire kampar og åtte poeng.

Kampfakta:

Gutar 16 A02 SF

Eid — Florø 33 — 29 (15—14)

Stad: Eid Idrettshus

Dommarar: Geir Dale og Rolf Erling Lefdal


Eid: Dennis Heimsæter, Marius Steintveit, Jardar Solheim Bjørke (3), Kristian Balsnes Andreassen (1), André Sørensen Høydal (3), Oliver Oppedal, Max Munkebye Endal (5), Fredrik Åshamar Taklo (3), Matheus Balsnes Lyngstad (9), Emil Dale (2), Eirik Magnus Haugland og Vetle Bjørneset (7).

Florø: Elias Hovden Bjerck, Alfred Hillersøy, Sander Vike (4), Oscar Sigvard Reksten (3), Odin Tonheim (4), Rasmus Svarstad, Joakim Bruflot Skåre, Even Havnen (1), Magnus Løseth Østvik (14), Lasse Klocke (2) og Vebjørn Wefring (1).


Tabell gutar 16 A02 SF 2019/2020

Lag

Kampar

V

U

T

Mål

Poeng

Dale

4

4

0

0

128—83

8

Dale 2

4

3

0

1

123—106

6

Sogndal

6

3

0

3

133—130

6

Eid

5

2

0

3

125—141

4

Florø

5

1

0

4

117—135

2

Gloppen

4

1

0

3

80—111

2