Selje IL:

A-laget får ny trenar

Søndag kom det fram at Marko Tanasic er ferdig som trenar for Selje sitt A-lag, og Idar Taklo tar over.

Selje IL: Marko Tanasic er ferdig som trenar for Selje sitt A-lag. Idar Taklo gjer comeback og tar over som ny trenar.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

Sport

Ifølgje ei pressemelding er Marko Tanasic ferdig som trenar for Selje sitt A-lag og spelarutviklar for aldersfastlagde lag, akademi og elite/utviklingsgruppa. Tanasic har vore tilsett i Selje IL frå 2016 og fram til no.

I pressemeldinga kjem det fram at ein har valt å avslutte samarbeidet grunna økonomiske prioriteringar. Silje IL vil dei neste åra ha behov for å rette meir av utgiftene mot anleggsutvikling, men likevel prøve å vidareføre den sportslege satsinga og utviklinga.

– Marko har gjennom alle desse åra gjort ein flott jobb for klubben, vist stort engasjement og har tilført mykje med sin kompetanse og erfaring. Han har vist at han har hjartet sitt i Selje og bidrege til god sportsleg utvikling både for einskildspelarar og lag. Selje IL takkar Marko for den gode jobben han har gjort og ynskjer lukke til vidare, skriv Selje IL i pressemeldinga.

Ny trenar

Idar Taklo tar over som trenar for Selje 5. divisjon herrar 2020. Klubben er fornøgd med å få Taklo med på laget igjen. Taklo var trenar i 2015, og gjer altså comeback.

Taklo har spelt 323 obligatoriske kampar for Selje, og er nummer fire på adelskalenderen. I 2014 fekk han også Fotballkretsen sin «Blå diplom».

– Idar har tidlegare vist at han gjennom sitt engasjement, erfaring, vinnarvilje, kompetanse og evne til å bidra til utvikling vil vere eit godt val for klubben. Selje IL ynskjer lukke til med arbeidet og ser fram til ein kjekk og spennande fotballsesong i 2020, står det i pressemeldinga.

Taklo har vore trenar for A-laget i Selje i periodane:

2004: assistenttrenar (Ola Hove trenar)

2006: assistenttrenar (Ola Hove trenar)

2007-2010: Trenar

2012-2013: Trenar (saman med Ola Hove)

2014-2015: Trenar

2006: Assistenttrenar (Ola Hove trenar)

2007-2010: Trenar

2012-2013: Trenar (Saman med Ola Hove)

2014-2015: Trenar