Har to store mål for sesongen

I oppkøyringa har Andrine Englund Mårstøl trent med gutane og reist med NTG Lillehammer og Europacuplaget. No er ho klar til å ta fatt på endå ein sesong i alpinbakken.

Klar: Det nærmar seg sesongstart for alpinist Andrine Englund Mårstøl. I år sesongopnar ho på Bjorli 21. til 24. november, deretter vert det skirenn i Trysil, Funesdalen og Kvitfjell.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

I fjor stod Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) øvst på pallen heile 13 gongar i FIS-renn. I tillegg vart det totalt 19 andre- og tredjeplassar gjennom sesongen. Dei siste månadane har ho brukt på å utvikle seg vidare som alpinist under ei ny sesongoppkøyring som forhåpentlegvis skal gje endå fleire gode resultat i løypa. No nærmar det seg sesongopning, og 21. til 24. november står Andrine på startstreken igjen, denne gong under FIS-rennet på Bjorli, i Møre og Romsdal.