Ferdig i Brann

Brann melde onsdag ettermiddag at Azar Karadas ikkje får forlenga kontrakta si.

Karadas får ikkje forlenga kontrakta si etter at den går ut ved nyttår.   Foto: brann.no

Sport

Ifølgje Brann.no vert dette siste sesong for Azar Karadas (38) frå Nordfjordeid i Brann-drakta. Kontrakta til Karadas går ut ved nyttår og vert ikkje fornya.

Karadas har gjennom si karriere spelt over 250 kampar for Brann. Karadas kom først til klubben sommaren 1998, men vart medlem av A-stallen og fekk sin debut i 1999. Mellom dette har han hatt fleire periodar utanlands og andre norske klubbar, men han har alltid retunert til Bergen og Brann. Totalt har han hatt tre periodar i klubben frå Bergen.

– Eg har snakka med klubben og fått beskjed om at eg ikkje er med som spelar neste sesong. Det er trist, for eg hadde veldig lyst til å vere med ein sesong til, og bruke mi spisskompetanse i enkelte kampar og vere ein del av garderobekulturen. Men slik er fotballen, ting varer ikkje evig, seier Karadas til Brann.no.

Brann melde vidare på sine nettsider om at klubben og Karadas er enno i dialog inn mot neste sesong, men då vert det i ei anna rolle enn spelar om Karadas vel å bli i klubben.