To gull i NM

Johan-Olav Smørdal Botn og Magnus Skeide Bakke gjekk inn til kvart sitt gull i NM i rulleskiskyting.

Det vart to gull på Magnus Skeide Bakke og Johan-Olav Smørdal Botn under NM i rulleskiskyting i helga. Magnus Skeide Bakke i midten, Isak Leknes Frey (t.v.) og Syver Brøste Nørstegård (t.h.).  Foto: risethmedia/Steinkjer Skiklubb

Sport

NM i rulleskiskyting vart i år arrangert i Steinkjer og fleire frå Eid og Stårheim har deltatt. Søndag gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) til topps i klassa menn 20–22 under fellesstarten i NM i rulleskiskyting i Steinkjer. Han skaut 2+0+1+1 og kom i mål på tida 31:54, to sekund før nummer to, Øyvind R. Haugan (Try Idrettslaget/Holmenkollen Biathlon). Totalt 39 deltakarar fullførte. Smørdal Botn gjorde det også godt under sprinten laurdag då han kom i mål på 6.-plass på tida 25:30.3 og 2+1. Det var totalt 49 deltakarar som fullførte i denne klassa. 

Gull til Magnus

Magnus Skeide Bakke (Eid IL skiskyting/NTG-G) gjekk også inn til førsteplass i klassa menn 17 år under fellesstarten. Skeide Bakke kom i mål fem sekund før Isak Leknes Frey (Bærum IL). Totalt 39 deltakarar fullførte. Under sprinten laurdag kom Skeide Bakke i mål som nummer ti av 44, på tida 21:30.5 og 2+3.

Gode resultat

Også Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) gjorde det godt under fellesstarten søndag. Han stilte i klassa menn 18 og kom i mål på 7.-plass på tida 31:42 og 0+0+2+1. Under sprinten laurdag vart det 9.-plass på Vereide som gjekk i mål på tida 20:39.6 og skat 0+2. 39 deltakarar fullførte sprinten i denne klassa.