Ny målrik kamp av Eid

Kristian Lefdal scora sitt mål nummer 100

Eid rundspelte Kaupanger i nesten ein heil omgang. Etter det verka det som om at lufta gjekk ut av heimelaget.
Sport

–I første omgang scorar vi fem mål, det er veldig bra. Men eg er ikkje heilt fornøgd med flyten og tempoet i spelet i dag, heller ikkje i 1. omgang trass i alle måla. Andre omgang trur eg ikkje at spelarane sjølve er veldig godt nøgde med, sa Dan Jøran Hafsås, Eid sin eminente trenar etter at Eid hadde slått Kaupanger med heile 7-2. Fem av måla kom i 1. omgang, og fire vart scora av Eid sin toppscorar Mads Wie. Det fjerde målet i dag var hans 20. etter at kom til Eid i juni.