Eid-trenar Rune Midthjell:

-Vi møtte eit betre lag

Dei fire beste gutelaga i 15/17-årsklassen er no inne i sluttspelet og kampen om å bli best i fylket. Onsdag møttest Eid og Stryn på Eid Idrettspark

Målscorar: Mohammad Mahmoud Almshout var Eid sin einaste målscorar i sluttspelkampen mellom Eid og Stryn på Eid Idrettspark onsdag kveld. I tillegg til målet var Mohammad fleire gonger farleg frampå for heimelaget.  Foto: Tormod Flatebø

Sport

For både Eid og Stryn var kampen onsdag den andre av seks kampar om KM-tittelen i eldste guteklasse. Stryn vann 5–1 over Sogndal i sin første kamp, medan Eid måtte bite i graset borte mot Førde i sin første kamp. Slik sett var det ein del som stod på spel for begge lag. For Stryn handla det om å henge med i toppen, for Eid handla det kanskje mest om å ikkje sakke heilt akterut.