Johan-Olav Smørdal Botn på 13.-plass

–Det var litt overraskande

Skåla Opp vart arrangert sist helg, og Johan-Olav Smørdal Botn og Trym Dalset Lødøen gjorde det godt.

Skåla: Johan-Olav Smørdal Botn var blant dei lokale som gjorde det svært godt under Skåla Opp med ein 13.-plass totalt. For skiskyttaren er dette god trening på jakt etter skiforma til vinteren.   Foto: Ole Arne Schlytter

Eg trenar for å gå fort på ski i februar, og ikkje nødvendigvis for å springe fort no i august.

Johan-Olav Smørdal Botn
Sport

LA Sportiva Skåla Opp 2019 vart arrangert sist laurdag, og førsteplassen i år var det Stian Angermund-Vik frå Bergen (M23-34) som tok då han kom i mål på tida 1:09:58. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL) vart beste lokale løpar då han kom i mål på ein 13.-plass på tida 1:17:55, berre 7.59 bak vinnaren. Johan-Olav vart nummer to i klassa menn 20–22 år. Førsteplassen i klasse M20-22 var det Stian Øvergaard Aarvik (Gneist) som tok med tida 1:11:30. Han kom på andreplass totalt.