Gode lokale resultat

Slik gjekk det på Skåla Opp

Skåla Opp vart arrangert i helga, og fleire lokale gjorde det svært godt.

Trym Dalset Lødøen (på bilde) og Johan-Olav Smørdal Botn deltok på Skåla Opp i helga.   Foto: Rune Holen

Sport

LA Sportiva Skåla Opp 2019 vart arrangert laurdag, og førsteplassen i år var det Stian Angermund-Vik frå Bergen (M23-34) som tok då han kom i mål på tida 1:09:58. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL) vart beste lokale løpar då han kom i mål på ein flott 13.-plass på tida 1:17:55, berre 7.59 bak vinnaren. Botn vart nummer to i klassa menn 20-22 år. Førsteplassen i klasse M20-22 var det Stian Øvergaard Aarvik (Gneist) som tok med tida 1:11:30. Han kom på andreplass totalt.

Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) gjorde det også bra under Skåla Opp, og kom i mål på tida 1:22:31. Dette heldt til ein flott 19.-plass på Lødøen som konkurrerer i den yngste klassa, menn 15-17 år. I denne klassa var han suverent best, og over fem minutt framfor Mikkel Blikstad Thomassen (Lillehammer IF) som tok andreplassen i klassa M15-17.

Resultat

Konkurranseklassar samla:

13. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL). M20-22. 1:17:55

19. Trym Dalset Lødøen (Haugen IL). M15-17. 1:22:31

23. Roger Lillestøl (Sparebanken Sogn og Fjordane/Hornindal IL). M45-49. 1:23:06

45. Reinar Aaland (Hornindal IL). M23-34. 1:31:15

48. Kay Roger Haugen (Loen/Eid Motbakkelag). M35-39. 1:31:55

72. Rune Aase Kalhagen (Eid Motbakkelag). M40-44. 1:37:28

113. Håkon Sjåstad Krøvel (Stadlandet). M23-34. 1:43:40

203. Andreas Hjelle (Hjelle). M18-19. 1:57:33

211. Anne Lina Hessevik (Bryggja). K23-34. 1:58:25

239. Arve Einar Sørland (Nordfjordeid). M45-49. 2:01:36

268. Henrik Myklebust (Nordfjordeid). M20-22. 2:06:36

354. Sverre Villanger (Bryggja). M45-49. 2:27:26

394. Arve Aalen (Bryggja). M45-49. 2:49:30

398. Agnar Fagerlid (Bryggja). M60-64. 2:54:58


Kvinner 23-34

9. Anne Lina Hessevik (Bryggja). 1:58:25

Menn 15-17

1. Trym Dalset Lødøen (Haugen IL). 1:22:31

Menn 18-19

4. Andreas Hjelle (Hjelle). 1:57:33

Menn 20-22

2. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL). 1:17:55

8. Henrik Myklebust (Nordfjordeid). 2:06:36

Menn 23-34

17. Reinar Aaland (Hornindal IL). 1:31:15

34. Håkon Sjåstad Krøvel (Stadlandet). 1:43:40

Menn 35-39

7. Kay Roger Haugen (Loen/Eid Motbakkelag). 1:31:55

Menn 40-44

8. Rune Aase Kalhagen (Eid Motbakkelag). 1:37:28

Menn 45-49

1. Roger Lillestøl (Sparebanken Sogn og Fjordane/Hornindal IL). 1:23:06

28. Arve Einar Sørland (Nordfjordeid). 2:01:36

34. Sverre Villanger (Bryggja). 2:27:26

Menn 60-64

6. Agnar Fagerlid (Bryggja). 2:54:58