Klart for Skåla opp

Laurdag vert Nord Europas tøffaste motbakkeløp arrangert i Loen. Det er nemleg klart for Skåla Opp.

Skåla: Laurdag vert Skåla Opp arrangert. Her frå i arrangementet i 2018.   Foto: Jan Erik Sandbakk

Sport

Laurdag 17. august vert La Sportiva Skåla Opp, også kalla Skåla Opp, arrangert opp det 1848 meter høge fjellet Skåla i Loen. Fleire kjende profilar og motbakkeløparar i verdstoppen er påmeldt til motbakkeløpet denne gongen. Men også fleire mosjonistar står på startstreken, og deltek i anten trim eller konkurranseklassen.

Rekordar

For damer er rekorden opp Skåla 1 t 20 min 6 sek. Den vart sett av Anita Håkenstad Evertsen i 2008. For menn er rekorden 1 t 8 min 39 sek (opphavleg sti). Det er Jon Tvedt som tek den i 2007. I den nye stien er det Ahmet Arslan (Tyrkia) som har rekorden på 1 t 7 min 6 sek frå 2012.