Storskyttar frå Stadlandet

Bendik Stokland vann juniorfinalen i felt

I juniorfinalen i feltskyting var det Bendik Stokland som kunne løfte armane i veret etter at han i omskyting om tittelen slo Kaja Helene Remmen, Nesna skyttarlag.

Bendik Stokland, Stadlandet skyttarlag vann feltskytinga i juniorklassen på Landsskyttarstemnet sin siste dag.   Foto: Magne Nesheim

Sport

Etter innleiande feltskyting på finfelten under Landsskyttarstemnet på Evje låg Bendik Stokland, Stadlandet skyttarlag, på ein 13. plass med 30/21. I finlaen fredag gjekk juniorskyttaren frå Stadlandet heilt til topps og vann klasen sin, etter å ha skote 12/10. Det vil seie fullt hus med 10 innertreff.