Samlagsskyting på Landsskyttarstemnet

Nordfjord nådde ikkje heilt opp

I dag var det lagskyting for seniorane frå skyttarsamlaga på Landsskyttarstemnet på Evje. Laget frå Nordfjord nådde ikkje heilt opp.

Nordfjord skyttarsamlag sitt lag. Frå venstre: Johanna Reksten, Nordbygda og Rand, Vegard Taklo, Hundeide, Roger Nesheim, Eidsbygda, og Bertel Odne Mjellem, Hyen.   Foto: Magne Nesheim

Sport

Samlagsskyting på Landskyttarstemnet består av fire skyttarar på kvart lag. Dei skyt ein omgang i tre stillingar. Tre skot ståande, tre skot på kne og fire skot liggande. Nordfjord skyttarsamlag sitt lag besto av Bertel Odne Mjellem, Hyen skyttarlag, Vegard Taklo, Hundeide skyttarlag, Roger Nesheim, Eidsbygda skyttarlag, og ankerkvinne Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag.